Familiedag på Huglo

Søndag 14. juli er store og små velkomne til å ta turen rundt på trivseløya Huglo.

Huglo er perfekt for ein søndagstur på sykkel! De vil få utdelt kart ved Huglabutikken med info om tilbod og stoppestadar denne dagen.

I fleire tun på øya vil besøkande bli ynskt velkommen med ymse opplevingar og produkt:
– hesteriding
– Omnshuset
– kalvar, høner og andre dyr
– sal av kaffe, kakker med meir
– badestrender, natursti
– open butikk +++

Etter dagen rundt på øya samlast folk på ferjekaien på Nordhuglo:
– frå kl 16.00: sal av grillmat
– kl 18.00: Gratiskonsert med Askeladden (kjend frå NRK radio. Les og høyr frå dei her)