Søndag 14. juli ynskjer bulystgruppa i bygdalaget å visa fram heile den flotte øya vår til besøkande og potensielle tilflyttarar (og sjølvsagt til huglarar).
Denne dagen legg ein opp til å invitera folk til å koma med sykkel til Huglo og så ta seg rundt på sykkeløya vår.
Målet er at besøkande på tur på øya denne dagen kan få utdelt guide med kart og info der dei kan stoppa ulike stadar, treffa folk og få ulike tilbod.
Dersom du ynskjer å ha ein ”stoppestad” denne dagen er du invitert til å gje beskjed til Øyvind Sortland innan 25. juni
– tlf 97594046, mail oyvindfs@hotmail.com.
Idear til opplegg kan vera: sal av bær, guida tur, klapping av ku, sal av kake, utstilling, minikonsert eller noko heilt anna!
Bulystgruppa håpar fleire har lyst å prøva ut ein ide denne dagen.
Planen er at folk nyttar dagen rundt på øya og på ettermiddagen vert det sal av middag og ymse program for heile familien på Nordhuglo – meir info kjem.
Dette vert ein flott dag! Set av søndag 14. juli på Huglo!