Flytt til LivOGlyst – Huglo, Møkster, Fjellberg og Espevær, har saman fått tildelt 1.590.000,- kroner frå bulystsatsinga, etter at Hordaland Fylkeskommune sendte felles søknad til Kommunal- og regionaldepartementet frå desse prosjekta om deltaking i Bulyst-programmet. Kvar av øyane får 250.000,- for å driva sien eigne prosjekt, og 590.000,- er til felles administrasjon. I søknaden er det i finansieringsplanen rekna med verdi av frivilleg eigeninnsats på 200.000,- frå kvar av øyane.
I den delen av søknaden som spesifikt handlar om Huglo, står det mellom anna: ” Gjennom to års deltaking i LivOGlyst har mykje positivt utviklingsarbeid blitt sett i gang, bl.a. føreligg det godkjente planar for bygging og oppstart av eit behandlingssenter, godkjent plan for bygging av sjøbuer for utleige og godkjent kommunedelplan med regulert område for bustadbygging og plassering av “PoppOpp-hus” for utleige”.
Departementet sier i tildelingsbrevet mellom anna: “Ei overordna målsetting (med Bulystprosjektet) er auka tilflytting, integrering og busetjing. Å få på plass utleigebustader står sentralt i prosjekta.” og vidare: “Dette prosjektet kan vera til stor inspirasjon for andre småsamfunn i heile Noreg og eg gleder meg til å sjå kva resultat dei klarer å få til i dette viktige prosjektet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.”
Der står me no. Så kva vert neste skritt?