Fyrsteinntrykket av Huglo

Pynting av ferjekaia på Nordhuglo har ikkje alltid vore noko å vera veldig stolt av.  Det vart planlagt ei forbetring i fjord – men etter ein del forsøk på telefonen og pr mail til diverse instansar, vart det ikkje noko av planane i fjor.  Men i år byrja styret i Huglo Bygdekvinnelag tidleg å tenka på kva som kunne gjerast.  Det vart telefonar og mail til rett komité i kommunen og samtale med ordføraren – og alle var positive, men dette sto ikkje på noko budsjett.  Så vart det gjort framstøt til fylket – det er fylket som eig ferjekaien, sidan dette er ein fylkesveg.  Nei, dei såg nok behovet, men å ville noko er ikkje det same som å gjera noko.

Då tok dei varmaste eldsjelane i Huglo Bygdekvinnelag saka i eigne hender (eller spader).  Og med god assistanse frå eit par andre fastbuande, er nå alt ugraset borte, blomsterkassane tømt for gamal jord og spylt, benkane og golvet er óg spylt.  Nå manglar berre plantane, og dei skal i jorda før 17.mai.  Følg med, så skal du sjå kor fint det vert.

Dugnaden vart avslutta med kaffe og kake.  Ingen samankomst på Huglo utan mat og kaffi!