Laurdag ettermiddag var det generalforsamling i aksjeselskapet Huglabutikken. Utanom styret var det 25 personar til stades, noko færre enn ved forrige generalforsamling. Nokon var nok i følge med den som var oppførd som aksjonær óg.
Nils Elde var valgt til å leia møtet. Han hadde gløymt klubba, så ei skjei måtte gjera nytten, men forsamlinga var ikkje vanskeleg å halda styr på.
Styret vart gjenvalgt, med unntak av dagleg leiar Wenche, som går ut. 1. vara, Eline Brundtvet, rykker opp og nye varafolk vert Per Egil Sæter og Samson Huglen. Leiar vert framleis Alf Einar Notland, og styremedlemmar foruten Eline, Dag Wilghos, Elling Røssbø og Nils Elde.
Butikken har fleire aksjonærer enn det totale folketallet av fastbuande på Huglo.
Aksjekapitalen har vore på ca. 464.000. Styret fekk fullmakt til å auka denne med
kr. 50.000, då det har vorte innbetalt kr. 12.000 i nye aksjar.
Butikken har også i 2009 gått med underskot, totalt kr. 116.000,-. Ein reknar med at dette skuldast etterslep frå tidlegare år, og ein dårleg sumar. Dei tre fyrste månadene i inneverande år gjev grunn til ei forsiktig optimisme.
Alf Einar la fram idéen at butikken burde ha fleire bein å stå på, f.eks. kafé, og evt utleige av husvære til turistar. Dette vil kreve nybygg, då det ikkje er plass til utbygging på noverande butikkområde. Ei innvending som kom fram til nybygg, var at det var risikabelt å bygga nye lokale til ein butikk som går med underskot. Ein annan idé var å få ei stor terrassemarkise over utenplassen mellom husa på kaien, og ein flyttbar levegg. Med omsyn til grill, bør ein ha bensin- og dieselpumpene i mente og finne ein brannsikker løysing.
Møtet vart avslutta med betasuppe og kaffe og kaker. Som Steinar Hystad sa: Huglabutikken er eit aksjeselskap der aksjonærane sjølv kan bestemma størrelsen på utbyttet, målt i kor mykje betasuppe ein vil eta.