Laurdag 21. juli vart turløpet “Varden opp!” gjennomført for tredje gong. Som i dei tidlegare utgåvene var været kaldt og vått i år òg. Men det hindra ikkje 14 deltakarar i alle aldrar frå å springe den tunge traseen frå Vikasanden til Varden denne dagen.
Løyperekorden til Kristin M. Stemland frå i fjor på 14:47 var kjent for dei fleste deltakarane då startskuddet gjekk, og akkurat 14 minutt og 21 sekund seinare vart den slått av årets vinnar: Jørgen Austvik.
På toppen venta eit vått publikum med bål, brus og kaffi til dei slitne løparane.
Resultat herreklasse:
14:21 – Jørgen Austvik
14:28 – Jan Erlend Innselset
14:44 – Kristoffer Fagervoll Sortland
16:33 – Lars Sortland
17:24 – Nils Henrik Elde
17:47 – Åsmund Fagervoll Sortland
18:43 – Jørgen Høgden
20:55 – Lars Stemland
Resultat dameklasse:
20:49 – Kristin Sælevik
21:07 – Hilde Eikeland
22:54 – Anngunn Eikeland
23:12 – Marit Gjestad
24:32 – Else Fagervoll Sortland
25:49 – Inger Johanne Bruntveit
God innsats av alle saman!
Takk for fint arrangement! Om det passar med ferien neste år satsar eg på å stille igjen med fleire deltakarar, stor heiagjeng og godt ver!