Tirsdag 30. november var det tid for Huglo Bygdelag sitt årlege haustmøte. Vel 50 huglarar møtte opp i gymsalen for å få med seg siste nytt. Sigurd Huglen orienterte om saker som bygdelaget har vore engasjert i i løpet av 2010. Alf Einar Notland fortalde om LivOGLyst, Leif Nordtveit orienterte om småbåthamna og Njål Sortland om fastlandssambandet.
Småbåthamna skal opp som sak til kommunestyremøtet den 16. desember. Leif fortalde at kommunen var positive til småbåthamn på Huglo, og han sa at komiteen legg opp til oppstart neste år. Les meir her.
Sigurd kunne konstatere at saka om tomter på Skarvene II og på Nordhuglo skulle takast opp på det same møtet.
Forslag til kommunedelplan for fastlandssamband til Huglo vert no sendt ut på høyring i seks veker. Etter høyringa skal kommunestyret gjera endeleg traseval, og arbeidet med reguleringsplan kan starte.
Andre saker som vart tatt opp:
– Kommunedelplanen for Huglo skal endeleg vedtekast 16. desember.
– Start på arbeid med fiberoptisk breiband er lova før jul, – sjølv om det var litt skepsis i salen.
– Fleire av huglarane var misfornøgde med dei små endringane som har vore på ferjerutene, og med samarbeid mellom ferje, buss og kystbuss.
Så vart det mat og kaffi, og praten gjekk livleg rundt borda.
Jimmy Øvredal hadde underhaldninga for kvelden. Han fortalde eit kåseri om dans og det som føl med den, og fleire vitsar og historiar frå “Gråsteinsdalen”.