Leiar i bygdalaget, Endre Calwell, leia møtet. Han nemte fyrst dei sakane styret jobba med. Serleg viktig nå er vedlikehald av skulebygget og inntekt til dette. Forsamlinga (11 huglarar) støtta saka om oppussing og vedlikehald, der står det mykje tilbake. Skal skulen vera eit populært utleigeprosjekt til skuleklassar og organisasjonar som ynskjer overnatting, evt “leirskule” på Huglo, hastar det med vedlikehaldet av kjøken og sanitæranlegg. Styret arbeidde med å laga ein prioriteringsliste.
Av andre sakar var aktiviterar som samlar huglarar og hyttefolk. Til sumaren vert det hugladag 4.juli, og butikken vil ha sin tradisjonelle dag på Nordhuglo. Styret vil gjerne ha fleire idéar!
Bulegtomta i Samsonhagen er lagt ut for sal. Ein reknar med at interessa vert større når me nærmar oss våren.
Kommune utsett stadig bevilling til oppgradering/reparasjon av kaien på Sørhuglo – styret minnar regelmessig på at Huglo treng alternativ til kaia på Nordhuglo.
Ferjeforsenking og bereidskap : Kven har eigentleg ansvaret? Endre tar ofte og regelbundet opp saka med kommunen for at dei skal leggja press på fylket og han tar kontakt direkte med fylket – dette er ein fylkesveg. Men det er som å snakka til ein skumgummivegg – førebels.
Og når får dei i Brandvikjo telefon og internett som fungerar?
Det var stor glede over dei gode kakene som vart servert! Tusen takk til dei som baka.
Eit bra møte, der dei frammøtte fekk komma med innspel, klagar og ros.