Betre enn nokon gong? Kan det gjerast betre? Stor beundring og mange gonger takk til dei flinke ungdomane på Huglo som steller istand så mykje god, spanande mat, så elegant anretta. Kokkane på Brygga 11 kunnbe ha litt av kvart å lera her. Berre kom til Huglo på Havrettsafta! På menyen sto det i år forrett: Nuenrøra – “Ei herleg samankomst av kortreist krabbe med vener”, hovudrett: Bacalao -“I kjent stil, men i år hottare og meir sexy enn nokon gong, og så Det Store Koldtbordet med 28 rettar, + 3 dressingar, og urtesmør og brød.
Bileta får tala for seg. Og etterpå var det dans til levande musikk, for dei som ikkje var så mette at dei gjekk heim. Men då hadde me fått med oss både Årets Beste Koldtbord, og mykje hyggeleg prat med gode vener. Ein vert i godt humør med slik mat på bordet! Tusen takk.