Stord Kulturhus lørdag 19. september kl. 18.30
No kan du kjøpa billettar til redusert pris på Huglabutikken – kr. 150 så langt lageret rekker. Få med deg forteljinga om dette heilt spesielle prosjektet som har utvikla seg i Sunnhordland dei siste året. Øyane Espevær, Fjelberg, Møkster, og Huglo har delvis samarbeid og delvis hatt egne ting gåande for å reklamera for øyliv.
Denne kvelden vert det vist rykande fersk film frå øyane, musikk ved Brazzoka, Liv Signe Navarsete har innlegg, me får oppleva lokale, unge talent og det vert servert lokalmat i foajeen. Etter maten får me showet Sangar frå eit liv med Tore-på-sporet Strømøy og Reidar Brendeland, låtskrivar og artist (Vestlandsfanden).
Siste ferje til Huglo går på lørdagskveldane kl 21.50 frå Jektevik. Det er og ein del av øylivet.