I år var det folk, fastbuande g hyttefolk, som våga seg ut i litt grått ver. Men stemninga var god, og det var aktiviterer både for dei minste – båtsnekring med medbrakte vaksne – og dei litt eldre som skulle finna bokstaver på ein liten tur i nærmiljøet, og det som kanskje er signaturaktiviteten for hugladagen: Flåtebygging med kappadling og ofte med bading. I år held vatnet 13 grader, men jammen var det eit par tøffingar som hoppa uti for å dra/dytte flåten i mål
Og sjølvsagt på Huglo: Kafé med gode kaker, og nydeleg grillmat. Her er grillkokkane.
Dagen vart avslutta med konsert med Årstein Tislavold. Folk åt kake og song med og kosa seg.
Takk til komitéen og alle frivillege hjelparar. Me tar gjerne ein ny hugladag neste år!
Lett regn? Huglarar gjev seg ikkje!
. Me skap byggja superflåta!!
Her vert det både dytta og dratt til mål
Konsert med Årstein Tislavold