Nytt av året er aktiviteten “Løping på blåser” – alternativ til palleløping. Det ser ganske umogleg ut, men nokon har tjuvtrent i kveld, og rekorden er 9 blåser (der er totalt 15 på rad) før Det Store Plasket. Sjøtemperaturen skulle vera god nok grunn til å halda seg på beina – sjå biletet.
Ellers har det vore gjort mykje godt arbeide som førebuing til morgondagen. Her vert det moro for alle!! Grillene er på plass, kaffien er klar når 12-ferja kommer til øyo. Og hønene skal få dobbel frukost, så dei er klare til å gjera sitt.
Velkommen til alle!!