Huglamessa i år vart ein stor suksess! Det var mykje folk, og mykje forskjellig ein kunne kjøpa frå dei 15 selgarane. I kafeen kunne ein kjøpa diverse havreprodukt, sidan 2010 er havrens år, og det var fullt rundt alle borda. Folk koste seg med mat og prat. Havrequizen kunne ein også prøve seg på, og det vart utlodning av julenek.
Takk til bygdekvinne-laget for ei flott messa!