I helga var det flott sumarvêr på Huglo, men denne helga var det også duka for den årlege fotballcupen på Tysnes. I år var Huglo mannsterke på cupen, då det vart stillt med både dame og herrelag. Damelaget har dei siste åra fått gode resultat på cupen, og i fjor gjekk dei heilt til topps.
Etter godt puljespel var damelaget HSD klare for semifinale søndag. Etter 6-0 siger mot “FBI” var det klart for finalespel mot “smil du er på TV”. Finalen vart tett og spennande, men hugla-laget vann kampen 4-2. HSD jentene var også laget med den beste heiagjengen, med herrelaget “Huglo cowboys”.
Her kan du lesa om HSD på cup i 2012.
“Huglo cowboys” var klare for å vise musklar på årets cup. I hard konkurranse kjempa dei seg til 8.delsfinale, men tapte for “gymmen”. Her kan du sjå bilete frå 8.delsfinalen deira.