Me har, som mange av dykk har registrert, dei siste vekene hatt store tekniske problem med huglasida. Det starta med “innbrot” på sida, nokon hadde stole passorda våre og sida var “hacked”. Det er ikkje du som har klikka på galt tast når du får opp ei side for eit fima som sel klede på nettet, eller du bare får melding om at sida er “disabled”. Den tekniske konsulenten vår, Thomas Notland, er stadig inne og driv “brannslokking” og gjev fyrstehjelp slik at nye innlegg skal kunne lesast, men alt det andre stoffet me har for å informera om Huglo, ligg på vent. Det vil verta ein lang, arbeidskrevjande prosess å bytte alle passorda og få fram den “gode, gamle” huglo.no. Nettgruppa skal møta Thomas i påskeferien og prøva på å få sida til å verta lesbar igjen. Me takkar alle lesarane våre for tålmod!
Del dette innlegget