Det er ei tolmodsprøve, det! Fast fisk – eller dyr – i 15% av teinene, og over halvparten er høggravide og får gå ut i sitt rette element igjen. Men det er som å spela i Lotto: Nokon vinn, og kvifor skal det ikkje vera meg? Og ein skal halda på tradisjonar, førebuinga er nesten like viktig somsjølve teine-perioden: Samla helst leppefisk, men anna fisk går og an, leggja i salt, men ikkje for mykje salt, det skal lukta ille, forsvara agntønna mot minken, sjå seg ut dei gode plassane og vera ute før nokon annan tek dei . . . . Og så den daglege spanande turen ut i nesten all slag ver. Etter omlag 2 veker med meir eller mindre vonbrot vert det tur og trekking om lag annan kvar dag, og no, etter nesten 3 veker, er det omtrent slutt på tolmod og arbeidslyst i retning av teinetrekking. Så no er det håp om å få vera i fred heilt til neste 1. oktober, både herr og fru hummer.
Del dette innlegget