Også i år vert det idrettsskule på Huglo! Dette er tredje året Huglo Idrettslag får til at det vert ei veke organisert fotball- og friidrett for ungar her på øya, og dei to førre åra har arrangementet vore svært populært. Flinke og engasjerte leiarar, både vaksne og ungdom, har tilpassa aktivitetane slik at alle har meistra og hatt det gøy.
Hovedarrangør er Norges Friidrettsforbund. For 300 kr. får barna ei fin veke saman 18. – 21. juli, og også litt treningsutstyr, i år får dei ei teknisk treningsskjorte.
Frist for å melda seg på er 15. juli til Deltager.no