Nei, det er slett ikkje kvar dag deg kjem eit heilt hus med ferja til Huglo! Ferdig med veggar og elektiske leidningar og røyr og blå maling utanpå – berre takstolane kom for seg, men dei kom, dei og. Både huglarar, Bergens Tidende og Sunnhordland var på plass – og sjølvsagt huglo.no. Fyrste Pop-up-huset er no ein realitet – eller vert det i løpet av denne veka. Det var mange som held pusten då tre store bilar rulla av ferja og tok fatt på vegen til Skarvane, men det synte seg at dei som hadde gjort forarbeidet langs vegen, hadde gjort det godt, for huset kom fram heilt utan problem, sjølv der vegen såg skummelt smal ut. Elevane på yrkesskulen, som har bygd huset med at som høyrer til inni og utanpå, var på plass saman med ansvarleg lærar og tok imot. Nå skal puslespelet berre setjast saman av duglege byggingsarbeidarar-in-spe under leiing av sjefen for heile prosjektet, Alf Einar Notland, og så vert det innflyttingsfest! Følg med, følg med, huglo.no vil vera på plassen og rapportera framgangen.
Del dette innlegget