1.oktober kl. 08.00 startar hummerfisket! Agn til teinene har vore i salt sidan tidleg i august, alle teiner er merkte etter ny ordning, bomullstråd er fornya og rømmingsvegar sjekka. Og vekkerklokka er stilt, her gjeld det å vera raskt på pletten for å sikre seg dei beste plassane. Her gjeld ikkje kvote som i hjortejakta, her kan dei ivrigaste, flinkaste og heldigaste fiske så mange dei får, berre dei NB slepp ut dei som er for små, og dei som har ut-rogn.
Og husk: Både naboen og Kystvakta ser deg! Men moro er det. Lukke til!