Fredag 16. januar var det årsmøte i Huglo Idrettslag. På agendaen sto det gjennomgang av årsmelding, rekneskap og turorienteringa og val.
I 2014 har styret, med Sigurd Huglen i spissen, jobba med og arrangert mange ulike hendingar: I gymsalen har det vore trening for folk i alle aldrar fleire gongar i veka, og 156 personar har delteke på turorienteringa. Det vart arrangert tur til Varden på Palmesundag, Vikasanden vart rydda for sumarsesongen og HIL hadde ansvar for leikar på 17.mai. Leirvikestølen har blitt halde ved like og det blei laga til jonsokfeiring. I slutten av juni vart det arrangert Tine fotballskule på Huglo i regi av Nils Henrik Elde, og på Tysnescupen gjorde jentene det bra og kom på andre plass. “Varden Opp!” vart arrangert for 6. gang den 3. august, og HIL hadde ansvaret for innsamling til TV-aksjonen på hausten.
Det nye styret for 2015 er:
Kjetil Sømoe – leiar
Sigurd Huglen – skrivar
John Olav Heggland – kasserar
Åsmund F. Sortland – styremedlem
Viljar Østervold – styremedlem
Alt av arbeid til HIL har i 2014 vore utført på dugnad av styret og andre hjelpsame hender. HIL vil difor takka dei som har vore med/ stilt opp for laget i 2014.
Til slutt vil HIL minna på at det kostar å driva laget.
HIL oppmodar difor at ein støttar opp om laget med å vera medlem, kjøpa turorienteringskart eller nytta seg av grasrotandelen når ein tippar.
Medlemskontigenten for 2015 er på kr 100,- og kan betalast til kontonr: 0533.37.23400. (hugs namn på dei som melder seg inn!)