Johannes på loftet

Fjellhylla som har namn etter Johannes-på-loftet
Fjellhylla Loftet, der Johannes bodde, er snart gjøymt bak buskar

Dette er historia:

Soga seier at det i farne tider budde ein mann som heitte Johannes på Loftet, ei fjellhylla oppe ved Storavatnet.    Han vart omtala som ganske stor av vekst.  Av og til så ungane store fár i snøen – då var det Johannes på loftet som hadde gått der.  Ingen har nokon tid sett Johannes på Loftet, og ingen får vel nokon gong sjå han, men han var omtala som ein godsleg mann.  Ein høyrde aldri at nokon var redd han.

Fjellhylla vart heitande Johannes-på-loftet