Jul med gromgubbane

Her kjem det nok ei flott historie frå Øystein Huglen. Gå ikkje glipp av denne trivelege juleforteljinga !

Jule og nyårshelga er over. Attende sit me med magar istappa av julemat og eit ribba juletre. Jule ,- og særleg nyttårshelga vart mild og våt. Førjulstida derimot vart snørik og gneistande kald. Johannes på Loftet målte heilt ned i minus 25 grader ved Stemmevatnet.

Også for Glupsamannen kom denne kulden brått på. Då han ikkje fekk fyr på peisen med dei gamle flintsteinane sine, kasta han dei i brå sinne ut over Sjurabøen, der dei forsvann fresande ned i snøen. No var gode råd dyre, Glupsamannen hakka tenner så han beit seg i tunga. For ikkje å frysa forderva la han på veg mot Røssbøtrodlet for hjelp. Han kava seg fram i snøføyka. Ved Klubbavegen kom Albert;n med brøyteskjeret, og la ikkje merke til Glusamannen, som brått fann seg sjølv under brøyta. Etter å ha grove seg fram ,og gjeve Alberte;n eit par mellomnamn som ikkje eignar seg på trykk var han så skamfrosen at skjeggstubbane brotna. Til all lukke fekk han fata eit par villsauer. Fekk vrengt av dei pelsen og pakka seg inn før ferda gjekk vidare. Kva med villsauene ?,tenkjer du. Vel, deira historie vart sørgjeleg kort, men til stor velsigning for ein flokk svoltne kråker på Klubbanest.

Røssbøtrodlet sat og kosa seg med varm tomatsuppa og ei bok om den avskyelege snømannen. Det skvatt til, og sleppte ein aldri så liten dråpe i buksa, då Glupsamannen kom deisande ned i hola under raudbrakjen. Men etter at Glupsamannen fekk av seg pelsane, så Røssbøtrodlet såg han ikkje var snømannen, diska Røssbøtrodlet opp med både tomatsuppa, brakabærlikør og tilbod om overnatting. Dagen der på rusla Glupsamannen heim med ei piltetrilt under armen. Denne hadde han fått av Røssbøtrodlet, og var så for seg gjort at den kunne gå rundt i opp i mot ein halv time. Friksjonen den skapte mot underlaget gav slik varme at ting tok fyr. Heretter skulle det bli lett å få fyr i peisen inne i Glupsahola.

Jula vart som før, feira hjå Johannes på Loftet. Å skaffa julemat delte dei på. Røssbøtrodlet hadde vore sør på øya å knabba eit par halvstore grisungar,.Som før , la det att ein annonym lapp.”Mikkel rev har teke to grisungar,- helsing Røssbøtrodlet”.

Johannes på Loftet hadde vore ned ved Stemmevatnet og kjippa opp 15-20 småaura. Og Glupsamannen hadde vore på ein stad berre han veit om, og plukka molter. Etterpå gjekk han rundt og skumma fløyten av tankmjølka på øya. Det vart eit gildt julamåltid.

Hjå Glupsamannen fekk Røssbøtrodlet og Johannes på Loftet kvar sin villsaupels. Særleg Johannes på Loftet tykte vel om gåva. Denne ville han leggja på magen, så slapp han frysa.  Han  hadde i fleire år vore plaga med kald mage, noko som medførte kolikk med påfølgjande gass-utslepp. Ja, somme tider var det så gale, at det la seg ein skoddedis over heile Nordhuglo. Då visste alle på Nordhuglo at ein skulle vera varsam med fyrstikkene. Heldigvis greidde folk på Nordhuglo ,grunna eimen, å skilja mellom dis skapt av Johannes på Loftet, og naturleg dis.

Røssbøtrodlet hadde forlengst augna potensialet i denne naturlege gassførekomsten,. Det hadde fått lov av Johannes på Loftet å setja ein kanylje inn i vomma hans, for så å tappa og komprimera gassen inn på gassflasker. Desse skulle bli eit viktig bidrag til det storslagne rakkettprogrammet han jobba med.

Glupsamannen som lenge hadde gnålt om å vera astronaut når raketten skulle testast, fekk i år  dette ønskjet oppfylt som ei julegåve frå Røssbøtrodlet.

Glupsamannen vart fastspent til raketten. Røssbøtrodlet tente på, og reaksjonen lot ikkje venta på seg. Raketten for til vers  som ei lysande eldkula. Det gjekk så snøgt at Glupsamannen berre fekk skimten av mannen i månen, og knapt snurten av eit par avskremde grøne menn på Mars, før raketten sette nasa heim att.

Vigliv som stod på trappa og såg ut over stjernehimmelen fekk brått auga på denne lysande stjerna som for over himmelen. Det såg mest ut som Betlehemstjerna, og den såg ut til å landa i stallen til Vidar`n. Ho fekk Harryèn med seg for å sjå om det hadde skjedd noko historisk i Storabrandvikjo, Men inne i stallen sat berre Vidar og pakka inn eit stort bilete av seg sjølv. Det skulle Gro få, slik at ho ikkje skulle sakna han så skrekkjeleg når han var på arbeid.

“Ein kan sei mykje godt om Vidar, men noko Jesusbaden er han no ikkje”, sa Harryèn , og fekk kono med se heim til den dampande lutafisken.

Betlehemstjerna, eller Glupsamannen hadde i mellomtid hatt ei braklanding i skorsteinen til Ole Harald. Turen i atmosferen hadde vore både frisk og kald, så skjegget var blitt kvitrima , og kjakane epleraude. Han såg rett og slett ut som julanissen. Difor var det ikkje til å undrast over at Ole Harald trudde han var nissen. Ja, sjølv Anita som før hadde vore ein tvilar , vart no overtydd.

Etter  litt julakjeks og juladram , tusla Glupsamannen seg heimover att.

Gleda var stor då Glupsamannen dukka opp hjå Johannes på Loftet. Dei to andre hadde mest gjeve opp å sjå han meir på denne sida av året. Dei sette seg ned ,auste opp i kvar sin skåler med moltekrem, som dei svelgde ned ilag med brakabærlikør

Turen ut i verdsrommet hadde teke på for Glupsamannen, han kvelva seg ned på ein benk, gav frå seg eit langt sukk, følgt opp av eit hardt snork, og seig så inn i draumeverda mellom stjerner og planetar.

Dei to andre såg på kvarandre, smilte, opna ei ny flaske bjørnabærlikør, og vart samde om at rakettprogrammet til Røssbøtrodlet skulle avsluttast. Det var alt for farleg.

Meir av gromgrubbane ?
– les om tidlegare eventyr her.

Tekst: Øystein Huglen