
Songlaget Storabuen og Korpset i samklang
I år som” alle” tidlegare år kom Songlaget Storabuen til Huglo og laga førjulstemning saman med Huglo skulekorps. Vakker song og eit fulltallig og dyktig korps gjorde sundag ettermiddag til ei feststund dei om lag 50 frammøtte tilhøyrarane gjekk oppløfta ut frå. Det kjentes som ein stor, god vitaminpille mot vintermørke og kulde.
Songlaget Storabuen er 75 år i år! Det er ein sers vital og oppegåande jubilant med gratulerar med dei fyrste 75 og ynskjar lykke til med dei neste 75 åra!
Så var det utlodding, og nokon gjekk heim med juleblom eller endatil ei pinneribba under armen. Huglarane veit å setja pris på korpset sitt og visa det: Ved korpsbasaren sist i november kom det inn 18.000 kroner, og på denne utloddinga, med berre eit åresalg, 10.000,- kroner.
Og nokon bidrog med gode kaker, laga kaffi – og rydda og vaska. Tusen takk til alle som gjorde dette til ei feststund – me gler oss allereie til neste julakonsert!
Alle foto: Kevin Casey
- Nammmmm ……….
- Korpsformannen Albert

Kaffepause
- Flinke musikanter
– For dei som ikkje fekk anledning til å komme på årets julekonsert, kan ta ein kikk på denne Songlagaet stordabuen, “O helga natt”
Her kan du lesa meir om songlaget Stordabuen
Alle foto: Kevin Casey