Ein har ikkje meir moro enn den ein lagar sjølv, seies det. Og nå er det på tide at det skjer noko moro mens me ventar på sumaren. Så laurdag 13. denne månaden lagar Huglabutikken AS til ein Kaidag. Festen startar kl. 13.
Det vert kafé, utlodning, gjettekonkurranse med premiar, og mest spanande av alt: Butikkpersonalet underhald!
Dette ser me fram til! Så hald av denne laurdagen!