Dei som er røynde sjåførar på Huglo, veit at det er ein sving der ein må kjøyra enda varlegare enn elles. Myrvold Gård har 4 flotte husdyr gåande, og dei dyra er heilt suverene når det gjeld val av opphaldsstad. Gjerne midt i vegen, der er det jo god plass. “Me hat hatt dei i 2 1/2 år” fortel eigar Lillian (så det har gått bra så lenge, altså). Ho fortel at det var meininga at dei skulle verta mat – me får sjå om ein av hannane manglar etter nyttårsafta. Dei legg egg, og ruger og, men sidan dei går fritt, har egga førebels vorte stolne av skjære eller mår. Paringstida startar i januar, og kvar ho kan leggja opp mot 20 egg (dei lever godt, mårane på Myrvoll gård!) Rugetida er som hos høns, ca 20 dagar. No går det snart mot vår igjen, kanskje det vert kalkunkyllingar denne gongen?
Lillian fortel at kalkunane er hyggelege dyr, dei vert tamme, kjem når ho ropar og et frå handa. Ho rår andre som vil ha ein fjørkrehobby til å startamed kalkunhald!