Søndag 19. februar hadde damene i Huglo Bygdekvinnelag stellt i stand ein ny søndagskafe i ungdomshuset. Her kunne huglarar og andre tilreisande komma og kjøpa seg gode kaker, bollar, kaffi og brus. Praten gjekk lett rundt borda, og ein kunne høyre at folk hadde det fint. Setninga “Det er skikkeleg kosleg med kafè!” vart høyrt mange gongar.
Me hadde òg fått besøk av Johannes Slettebø. Han fortalde blant anna om seg sjølv og erfaringar om livet som dyrlege, og tankar han hadde om bondeyrket og politikk. Johannes likar seg på Huglo, og dei fleste huglarane kjenner han godt. Eline Bruntveit hadde dette å seie om den hyggelege veterinæren: “Alle på Huglo som har alt frå den minste katt til den største hest eller ku, har eit forhold til Johannes, og har fått mange gode råd av han.”
Huglarane set pris på innsatsen til Bygdekvinnelaget som får i gong trivlege arrangement som dette. Det blir vist gjennom solid oppmøte, og god stemning.
Dette var flott å lese om! Og triveleg å sjå Marion frå England på biletet.
Bygdekvinnelaget – ein moderne møteplass med gode kaker og flotte kvinner!
Mvh Ingrid