Framlegg til kommunedelplan for fastsamband til Huglo er lagt ut på høyring. Planen er utarbeidd i samarbeid med Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune og viser alternative vegtrasear både på Huglo og Skorpo. Planen legg til grunn at vegen vert ført frå Nordhuglo via bru over Laukhammarsund til Skorpo og fram til Tysnes.
Dokumenta ligg til gjennomsyn på Huglabutikken. Merknadsfrist er 6.juni 2011.