Gradestokken eg halte opp or sjøen i Huglavikjo klokka 10.30 ein dag midt i juli, tør nesten ikkje visa kor den raude søyla stoppa: på 14,5 gradar!! Ikke mykje av ein badetemperatur, og kor lenge skal me venta dette året? Gåsholmane ligg der nesten aude, og ullgenseren er ikkje langt unna. Fint ver for fiskeentusiastar, og dei får faktisk fisk, men kva med oss som ventar på å kunne liggja utstrekt på ein holme med sola bakande i ryggjen på årets badedrakt – som ennå ikkje har vore framme frå innpakkinga! Og så all den badinga me hadde planlagt, me skulle riktig strekja ut i mange svømmetak denne sumaren. Vel, me får trøyste oss med at sjøen er full av krabbe, og den kan ein eta innendørs om kvelden – eller med den nemde ullgensaren på.
Og ennå er det over ein månad til skulestart. Det er håp i hengjande snøre, sier dei som fiskar.