Kuslepp ei januarnatt

Me vil til Leiro!
Rolege og snille ser dei ut - men kuskinnet bedrar!
Rolege og snille ser dei ut – men kuskinnet bedrar!

Tekst: Øystein Huglen

For nokre fantastiske sommardagar me har hatt i mai! Brått er alt rundt oss blitt grønt.  Graset har skote til vers, så no er det klart for ku-slepp.

No hadde eg eit ekstra tidleg ku-slepp i år.  For først i januar skjedde det som ikkje skulle skje.

Klokka var runda midnatt.  Eg hadde reist meg frå godstolen, og var på veg mot senga og draumeland.  Då høyrde eg nokre merkelege lydar på utsida.  Er det hjorten, tenkte eg, og keik ut glaset.

Å du store verda for eit syn som møtte meg!  Fjosdøra stod på vidt gap, og buskapen på 35 vinterkåte kyr var på veg ut i snøføyka.  Med halen rett til vers, og med kåte kast, sette flokken av garde ut i svarte natta, mot Leiro.

Det var inga anna råd.  Eg måtte ut i snøføyka for å sjå om eg fekk dei heim att.

I Evaldstunet møtte eg Kjetil.  Han skulle utom døra som snarast, og trodde han møtte “styggen sjølv” då han brått sto andlet til andlet med ei svart, hornete ku.  For å vera på den sikre sida, las han kveldsbøna to gongar den kvelden.

Nede på Leiro fekk eg kontakt med buskapen.  Sjølv om eg innerst inne kokte av edar og forbannelser, greide eg forma stemma mi om til sukkersøte lokketonar.  Om det var lokkinga eller kulde og snø som gjorde det, skal vera usagt, men til slutt forma det seg eit lengre 17.maitog bak meg, på veg heim att.

Det var då dei skulle inn av døra,, problema starta att.  Kyrne er som oss menneske.  Nokre er greie, og gjer som dei blir fortalde, andre er fulle av utjoreskap, og gjer alt dei kan for å tverke.  Så når nokre gjekk fint inn og la seg, stilte andre seg i fjosdøra, for å stengje for dei som ville inn.  Det blei fullt kaos.

Eg var no ganske lei.  Fann ut at her nytta det ikkje meir med godvilje og mjuke lokketonar.  Eg endra strategi, og som ein gjetarhund sprang eg no rundt og bjeffa og jaga.  Natta var mørk, og snøføyken hadde intensivert, så sikta var heller dårleg.  Difor jaga eg no inn alt som rørde seg i nærområdet.  Stengde så døra, sette traktoren framføre, og gjekk til sengs.  Heile operasjonen hadde teke to og ein halv time, så klokka var blitt halv tre om natta.

Dagen derpå gjekk eg i fjosen for å ha opptelling.  Det synte seg då at eg i dei hektiske sluttminutta, hadde fått inn litt meir en det eg skulle.  Utanom buskapen var det komme inn to hestar, ein hjort, samt naboen min, Samson.  Desse slapp eg sjølvsagt ut, noko dei var svært takksame for.

I ettertid har eg laga ekstra sterk sikring på fjosdøra.  Ei slik hending ønskjer eg ikkje oppatt!

. . . . . og Samson, naboen min, . . . ja, han går no store omvegar forbi fjosen min.