11 huglarar hadde møtt opp for å diskutera lokalpolitikk med representanter for SV på Skipperloftet tysdag kveld. Eit særs nyttig møte, for det som kom fram, var at politikarane var lite orientert om ein del sakar som me huglarar brenn for, som manglande utleigeboligar, omsorgsbolig i nærmiljøet, bevaring av skule og butikk og samferdsel, og kva med kommunale arbeidsplassar på Huglo? Alt under paraplyen Fleire Folk Til Huglo! Det at kommunen ville spara nokre kroner då dei la vassledning til Huglo, slik at store delar av Huglo framleis ikkje har kommunalt vatn, korkje til å drikka eller til brannslukking, var nytt for politikarane. Det vart lagd vekt på at det ikkje var nok at politikarane som har møta sine på Stord og knapt kjenner Huglo, var positive når ein snakka med dei om kva som er viktig for øya vår, saksgangen frå framlegg og vedtak til handling er altfor treig! SVpolitikarene reiste heim med ferja klokare om Hugla-saker enn då dei kom. Så er det berre å venta – igjen – på synlege resultat.
Detteer lokaldemokrati i praksis. Me ynskjer at dei andre politiske partia óg syner interesse for Huglo – i praksis. Velkommen skal dei vera.