Løysing på "Kven et røykesilda?"

I år greidde Arne å lura minken for røykesild! Den dagen no i april minken vart sett dansande på kaia, gjekk Arne til aksjon: Han tok ned silda, pakka han og la han i frysen! Men litt medkjensle med det litle dyret må han ha hatt: Det heng att eit spensel på snora framleis. Værsågod, mink!