Etter ein periode med vind, regn og sludd var dagen i dag ei stor glede. Så fint kan det vera på sjøen i november! Og med 6 garn i sjøen vart strevet løna godt: Store, fine torskar symjer no i mæren. Medaljen si bakside var 4 store pigghå og godt med krabbe – ein skule i tolmod når ein insisterer på å få dei heile og levande ut av trollgarnet. Men med ein god, varm flytedress og dykkarhanskar ein kan gjera finarbeide med, kan ingenting øydeleggja gleda over ein fin føremiddag på sjøen.

Del dette innlegget