Som alltid på Huglo, var det mykje god kaffemat på sundagskafeen til Huglo Bygdekvinnelag. Men interessa var endå større for utstillinga av dei 38 flyfotografiene av hus og landskap på Huglo. Bygdekvinnelaget hadde samla inn bileta og funne fram til dei gamle namna på tuna, og kafegjestane brukte god tid til å studera utstillinga før dei tok for seg av det kafeen hadde å by på. Noko var som i dag, men mykje hadde endra seg. Mange hus blitt større eller nye var komne til, og det var mykje meir tre og buskas no enn før. Det vart sagt at det var synd utstillinga ikkje kunne hengja ei stund slik at fleire fekk sett henne, så dette tiltaket av Bygdekvinnelaget var populært! Takk til dei som gjorde jobben!