Endeleg! For einskilde huglarar (og hyttefolk) er ikkje berre hjortejakta, men frå og med imorgon, òg Den Store Hummerjakta i gong. Ein må vera hummarfiskar sjølv – eller bu saman med ein – for å skjøna kva for ein viktig dato 1.oktober er.
Førebuingane har gått føre seg lenge: Matfiske har ikkje vore interessant, siste 1 1/2 månaden har det berre vore rusefiske etter leppefisk, som er lagt i høveleg saltlake for å rotna. Humaren, den finspiste kardinalen, vil nemleg berre ha vellagra mat! Ein boks kattemat, godt gjennomhola, går óg an – kattemat på boks luktar like ille som årgongsfisk. Og slikt fór vert det altså ei kongeleg delikatesse av.
Så gjeld det berre å vita kvar hummaren bor. Nokre eksemplar har vorte slept ut gjennom året – ein er jo lovlydig, må veta, og teoretisk skulle dei vera å finna på same boplassen. Diverre stemmer ikkje alltid teorien. Eller kan nokon andre ha tatt den hummaren eg kyste før eg slepte han ut igjen med lovnad om eit seinare stemnemøte, etter 1. oktober?
Og så kjem det jammen folk utanfrå – frå Halsnøy og Sunde og andre plassar, og fiskar VÅR hummar! Det er bra å ha eit godt omdøme, men at Hugla-kysten har ein grei hummarbestand, treng omverda ikkje vita! At det ikkje er lov å fiska hummar med synleg rogn, og at minstemålet frå spissen av hornet og til enden av midtre svømmeklaff på halen er 25 cm, veit alle hummarfiskare sjølvsagt. Og hugs: Håra i enden av halen tell ikkje med på lengda! Det fekk eit ektepar fra Kvinnherad merka for eit par år sida. Dei fekk 10.000 kroner i bot kvar for å tøya og strekka hummaren så den skulle nærma seg lovleg lengde. Då vert hummaren for dyr!
Så er det berre å ha tolmod og eit lovleg tal teiner – 10 pr. person/båt for hobbyfiskarar. Kanskje det kan løna seg å ta med kjerringa på hummerfiske i år, då kan ein dobla talet på teiner?
Skitt fiske! Og hugs å kyssa dei du må sleppe ut at . . . .
Og berre for ordens skyld: Hummaren på biletet er frå 2007.