Me på Huglo treng ferja vår. Me treng kvar einaste ferjeavgang, og me treng at dei går etter oppsett rutetabell. Me treng at ho er i beredskap for brann og redning. Sjølvsagt kan det skje uforutsette ting, og me tilpassar oss. Me er faktisk veldig gode på å tilpassa oss, men altså. Me planlegg dag og liv etter korti ferja reiser frå Huglo, og korti me kjem oss tilbake. Det er også mange som skal til Huglo for levering, henting, arbeid, melkebil, dyrlekjar m.m.
«Siste driftsmelding frå fjord1, 01:39: På grunn av gjennomført ambulanseoppdrag i natt, blir sambandet innstilt til kl 07.55. Dette på grunn av kviletid til mannskapet.»
Fint at mannskapet skal kvile etter nattoppdrag. Men, me risikerer då at ferja vert liggende til godt utpå morgonen før me kan reise til jobb, skule eller andre planlagde ærend. Nattoppdrag kl 04 gjer at ferja ikkje startar tur før etter 6 timar kviletid, og ferja er ikkje i gang før i ellevetida. Dette går rett og slett ikkje.