NRK TV-aksjonen – bøssebærer på Huglo

 huglo.no har mottatt ein bøn frå Nina Louise Langeland, dagleg leiar i Stord Frivilligsentral, om å hjelpa til med å finna bøsseberarar på Huglo.

TV-aksjonen er verdas største dugnad og lag og organisasjonar på Stord vert bedne om å vera med på denne flotte sundagsturen den 23. oktober.  Frivilligsentralen treng 250 – 270 bøsseberarar på Stord, og vonar at huglarar har lyst til å vera med å bidra denne dagen.  Dei håpar å høyra fra oss!

Interesserte kan ta kontakt med Hedvig, tlf 41334436, eller direkte med nina.louise.langeland@stord.kommune.no