Det har vore travelt på ferjekaien i omlag ei veke no. Og siste natta, den mellom mondag og tyrsdag, vart hovudarbeidet gjort. Ikkje heilt lydlaust mellom siste ferja klokka 22.50 og omlag 03.30!! Men no er den på plass: ny ferjelem stor nok til ei ny, stor ferje. Ikkje meir enn vel ein meter breiare enn den gamle, men manglar det ein meter, så manglar det ein meter. No kan Folgefonn berre koma, Huglo har ein standsmessig ferjelem! (Me får berre håpa at svalene var ferdige med ungane sin flygetrening . . . .)
Del dette innlegget