Det var ganske tynt oppmøte på møtet med plansjef Lovise Vestbøstad og kulturrådgjevar Ragnhild Tveit på mandag, der det stort sett var brua som ble tatt opp. Folketallet på Huglo var óg eit samtaleemne, siste hus som vart bygd på Huglo til boligføremål, vart bygd i 2009.
Nåverande kommuneplan er utgangspunktet for pågåande revisjon, men rådet var å sende inn innspel som var sendt inn til forrige revisjon, på nytt. Kommunen ynskjer alle innspel skriftleg, og helst kartbasert på nett dersom du har innspel for eit konkret areal, men blyant og papir gjer óg nytta.
Her er brukarrettleiing for digital innspelside:
- Gå til https://stord.smartbyene.no/
- Klikk på “Logg på”
- Registrer deg eller logg på med ID-porten
- Klikk på DELTA på framsida, klikk deg deretter inn på planen du vil gje innspel til (kulturmiljø eller arealdel)
- Klikk på “Nytt forslag +”-knappen.
Her kjem brukarrettleiing for kartbasert innspelside:
- Gå inn på kommunen sine heimesider, under kunngjeringar: Innspel til arealdelen av kommuneplanen.
- Bla deg ned til “Innspel” og velg “Innspel om konkrete område/areal via den den kartbaserte innspelsløysinga. Klikk på “Gå vidare”.
- Beveg deg til rett stad på kartet.
- Lag ei flate, linje eller eit punkt ved å klikke på symbolet i menyen i venstre hjørne.
- Skriv innspelet i skjemaet som kjem fam.
- Fyll inn skjemaet og last opp filar dersom du har lengre tekstinnspel, bilete eller andre typar dokument du vil dele med planen.
- Lagre innspelet ved å klikke på den blå “Opprett”-knappen under skjemaet.
- dersom du vil lage fleire innspel kan du klikke på “Esc” på tastaturet ditt. Dette fører deg tilbake til menyen over teiknemolegheiter.
- Flata, linja eller punktet du teiknar blir borte frå kartet når du har fyllt ut skjemaet, men du får ein e-post i etterkant som stadfestar at innspelet ditt er registrert.