Nye ferjeruter frå 1.mai

Frå og med 1. mai er det på nytt endringar i Norled sine ferjeruter på strekninga Jektevik – Hodnanes – Nordhuglo.
Det som er nytt er at dei såkalla “3-ferjo” og “4-ferjo” no går 10 minutt tidlegare, slik dei gjorde før endringane 1. januar i år. Altså klokka 14:25 frå Jektevik og 14:40 frå Nordhuglo.
Og klokka 15:40 frå Jektevik med angong frå Nordhuglo kl. 16:05.

Heile rutetabellen kan du sjå her!