Og det blei 17.mai i år óg

Me var heldige med veret, var det ein på skuleplassen som sa.  Ja, det var fakisk opphald under flaggheising, musikk og apell for dagen!  Og vert me glade for ein slik ting (det regna både før og etter), tyder det på at huglarar er så positive at resten av dagen óg vart bra.  Nokon ynskte seg så mykje 17.mai stemning at det våga seg ut i bunaden til glede for  dei mange som sto innpakka i vinterjakka og stampa med beina, og takk for det.

Mormor hadde med 4 paraplyar

 

Musikken (med smittevern-fråver) spela og laga stemning til flaggheisinga,

Vegard held ei spesialtilpassa tale for dagen:

Huglo sin yngste innbyggjar var tilstade:

Nokon syntes det var nok og ville heim og eta pølse og is: