Orange-skjerf prosjektet til Kirkens Bymisjon fekk god drahjelp då Huglo Bygdekvinnelag arrangerte open strikkekafè med inviterte gjestar frå Tysnes Bygdekvinnelag. Lise Nordfonn orienterte om prosjektet, og fortalde at 5 kr av kvart garnnøste gjekk til Kirkens Bymisjon, og at ho på eige initiativ la til 5 kr. for kvart nøste til Kirkens Bymisjon på Stord. Med butikk i sentrum av Leirvik treff ho kvar dag pesonar frå målgruppa for aksjonen, ho ser at dei treng merksemd og empati og respekt.
Det vart seld mykje garn den kvelden, mange ville bidra med strikking etter orienteringa. 4 nøster pr. skjerf, det vert nok mange skjerf ferdige til 25. oktober.
Som ekstra bonus for gjestane gav Eline ein interesant orrientering om omnane i samlinga.