ØYLIV i Kulturhuset 19. september!

Alle huglarar er inviterte til feiring av øylivet i Stord kulturhus laurdag 19. september kl 18.30.

Her vert mellom anna premiere om film frå Huglo, Espevær, Fjelberg og Møkster, musikalske innslag, innlegg frå scena og servering av lokalmat. Kvelden vert avslutta med Tore Strømøy og Reidar Brendeland sitt show “Sanger fra et liv”.

Billettar til “øypris” 150 kr er for sal på Huglabutikken.

Arrangementet vil vera slutt i god tid slik at de kan rekka siste ferja heim kl 21.50. Dersom nokre ynskjer å ta helga på Leirvik kan de få spesialpris på overnatting og frukost på Grand hotell: Enkelrom kr 895, dobbelrom kr 1095
-sei at de skal ha “Øylivpris” ved bestilling.

Annonse ØYLIV_19 [3052]

Vel møtt!