No er plassen foran pergolaen fint asfaltert, og det vert sagt at asfalten skal ha ei lita helling mot sjøen, så me slepp den vatnpytten som har vore midtvegs på kaia. Det ser flott ut! Og allereie har plassen foran butikken vorte mykje nytta til drøs og kaffi.
Det er berre eit (alvorleg) skår i gleda: Firmaet som har montert pergolaen, har ikkje fått motoren som skal driva taket, til å virka. Så er det meldt regn, bur du utstyre deg med sydvest om du vil ta del i kaffi-kosen. Og så får mehåpa at dei veldig snart tar ansvar og for motoren til å gå.
Dette vert ein fin forbedring for samlingsplassen foran Huglabutikken, me gler oss til den er ferdig!