Det har vore ein stadig diskusjon om turorienteringa sin fyrste hensikt er å få folk til å gå tur eller å premiera dei flinke kartlesarane. I år ser det ut til at det er turgåarene som skal premierast. Postane er tydelege i terrenget, du ser dei på god avstand og kan gleda deg lenge over at du kan bruke tanga på kortet ditt og ha namnet ditt i glaset. Og akkurat nå er veret perfekt for tur ute i terrenget: Fin sol men ikkje for varmt, og du treng ikkje gummistøvlar (det måtte i tilfelle vera som hoggorm-vern).
Det skal seiast at mange er flinke turgåarar, på ein post var det i går 28 namn i glaset. Men til oss andre: No er tida for turorientering! For “nye” orienterarar: Post 11 + 12 er ein fin, ikkje for lang tur utan dei store utfordringane. Ein fin plass å starta.