Bygdekvinnelaget hadde potetkakebaking på programmet i kveld. Nokon kaker blei runde, nokon firkanta og nokon fekk ein form som ikkje har noko namn ennå, men gode var dei alle! Både som pølselompe og aller best med smør og engelsk mørk appelsinmarmelade. Prøv sjøl, her er ei enkel, men god oppskrift: 1 kg kokte (gjerne varme) poteter malast i kjøttkvern og blandast med 1 ts salt og ca. 3 dl kveitemjøl. Blandinga kan gjerast i kjøkenmaskina. Vil du ha kakene runde, løner det seg å leggja arbeide i å starta med eit fint rundt emne. Steikast på tørr takke eller på tørr jernpanne. Veldig populært i heimen med heimebaka potetkaker, prøv sjølv!
Her er bakelaget, vel nøgde med eigne produkt ser det ut til.