Her er ei lita oversikt over det som står på programmet på Huglo 17. mai:
Kl. 10.30: Det vert flaggheis ved skulen. Korpset spelar.
Kl. 11.00: Gudsteneste i Huglo bedehus-kapell
ca. kl 11.45: 17.mai-tog frå skulen til Skarvene og tilbake. Korpset spelar.
– Ord for dagen ved Hedvig Flornes
– Så vert det matøkt i gymsalen på skulen. Ta med mat og drikke. Gratis brus til borna. Det vil òg vere sal av kaker.
– Etter at me har fått i oss litt mat vil kiosken opne, og det vil vere sal av is, brus, snop ++
– Det vil vere leikar og konkurrasar for store og små utover dagen.
På ettermiddagen vil det vere ein velfortent pause for dei aller fleste, før det er klart for den tradisjonelle 17.mai-festen i bedehuset kl. 18.00.
– Festtalar: Dagfinn Brandsæter
– Korpset spelar
– Song ved Emmaus
– Spørjekonkurranse
– Middag, kaker og kaffi
Me håpar at alle vil få ein fin dag, og så satsar me på at været vil bli bra!
Alle er hjarteleg velkomne til 17. mai-feiring på Huglo!
Her kan du sjå 17.mai kavalkaden me hadde her på huglo.no i fjor!