Røssbøvikjo er ein fin badeplass om sumaren – men óg eit fint turmål om vinteren! Her kan du brenna bål i den store tønnegrillen, steika pølser og pinnebrød på pinne, drikka varm kakao, finne fine stein og anna til juledekorasjonen, og nyta den vakre utsikten. God tur! (Og det er sjølvsagt ikkje forbode å prøva badevatnet om vinteren heller . . . .)
Del dette innlegget