Det var gledeleg stort oppmøte på årsmøtet, ca 30 huglarar var tilstades og synte interesse for bygdalaget sitt arbeide.
Årsberetning for 2022 kjem i eige innlegg. Her er det som vart tatt opp på møtet:
Reknskap for 17.mai og Hugladag er pr i dag eigne postar i kassadagboka. Dersom det er overskudd av arrangementa, kvar skal overskottet nyttast? Og kva med evt underskot? Det vart vedteke at ein burde ha ein sum ståande som buffer, kr.4000 for 17,mai og kr 20.000 for Hugladagen, resten overførast til bruk til “skulebygget”, som slit med stort etterslep i vedlikehald. Årsregskapet for 2022 avsluttast med raude tal: kr. 224.417,- som representerer underskudd i vedlikehald på skulebygget. Reknskapet, system og rutinar, treng en oppdatering etter å ha vore i bruk mange år.
Det var så vidt nemnt at skal bygget setjast i stand til utleie, må kanskje bygdalaget ut på lånemarkedet.
Styret fekk fullmakt til å avgjerda salspris for tomt(ane) i Samsonhagen, dersom det kom kjøpare.
Driftstyret droppast. Det er nok med 5 styremedlemmar i bygdelagsstyret, evt eit ekstra medlem der.
Det er gjort ein del med taket på “skulen”, men det står framleis kostbart arbeide igjen. Forsamlinga var positiv til idéen om eit årleg stort arrangement til inntekt for bygget. Wenche fekk i oppdrag å samle ein komité som kunne starta arbeidet og fordela oppgåvene.
Hugladag er 2.juli. Musiker Endre Oslen kjem og har konsert! (Han opptrer i The Voice på TV2 i dag, fredag).
Val: Formann Endre og Regnskapsførar Janne vart takka av. I 2023 er styret (ny formann) Sigurd Huglen, Torunn Nødlad, Stian Helland, Marlene Sørlie og Erling Grov.
Wenche vann namnekonkurransen . Den tidlegare skulen heiter no
Huglo Bygdahus.