Resultat og vegen vidare for Fabrikken

Er du klar for festival ?

Det har vært stor forespørsel i etterkant av Fabrikken 2012, både frå publikummere som ynskjer seg ny festival, artistar som har fått nyss i ein festivalsuksess på Huglo, samt frivillige som står klar til ny innsats. Det set vi stor pris på, og det inspirerer til vidare arbeid med Fabrikken.

Med eit overskot på omlag kroner 160 000,- har vi gjennom pilotprosjektet Fabrikken 2012 vist at prosjektet er eit ”liv-laga” prosjekt.  Som ein del av bulystsatsninga, som festivalen var, vil dette overskotet vidare verte brukt til å skape bulyst på Huglo, iform av liknande arrangement som Fabrikken 2012, samt i nye kreative former.

Me kan no meddele at det ikkje kjem til å bli eit Fabrikken 2013 arrangement på storleik med fjorårets, men det anbefalast å fortsatt følgje med på Fabrikken sine facebooksider, samt huglo.no for nye sprell.

Me vil igjen takke for innsatsen i høve Fabrikken 2012!

På vegne av styret,

Christian Notland

Festivalsjef