Som før nemt: Det er kvart år to tog på Huglo. 17.mai sjølvsagt, men og eit i byrjinga av mai: Det Store Ryddetoget. I år er datoen laurdag 2.mai, kl. 9.30 – 12.00. Det vert mottak av elektronisk avfall, kuldemøblar og farleg avfall – og alt anna avfall som ikkje får plass i bosdunken. Men det vert ikkje høve til ä levera byggje- og rivingsavfall.
Dei som leveraer avfall, må sjølv plassera det i konteinaren, sier SIM. Men her som elles på Huglo, er nok dugnadsanden til stades, så alle får nok den hjelpa dei treng. Alle ynsker vi oss ei rein og ryddig øy!!
Dei grøne ryddesekkene vert henta med eigen bil når SIM får beskjed.